Kinn Kommune

Oppstart av parkinsongruppe

Fysio- og ergoterapeut ilag med musikkterapeut startar treningsgruppe for personar med Parkinson. Gjennom bruk av rytme og musikk ynskjer vi å betre og oppretthalde deltakarane sin funksjon. Treninga vil ha fokus på bla. kondisjon, stemme, pust, koordinasjon og balanse.

Tidspunkt
Måndag 07.02.2022 12.00 - onsdag 13.04.2022 13.00
Stad
Florø omsorgssenter

Kriteria for deltaking:

  • Heimebuande med få heimebaserte tenester.
  • opplever endring/ fall i funksjon som påvirker utføring av kvardagslege gjeremål.
  • Nedsett innandørs og/eller utandørs mobilitet.
  • Er motivert for å ta ansvar for eiga helse.
  • Ein må kunne ta instruksjonar.
  • Ein må kunne delta i ei gruppe saman med andre.
  • Ein må ha anledning til å kunne delta både måndag og onsdag i 12 veker.
  • Ein må kunna halde seg til avtalar (obligatorisk oppmøteplikt).

Før og etter gruppestart vert alle kandidatar individuelt vurdert og kartlagt med utvalde kartleggingsverktøy. Deltakarane får eige informasjonsskriv om gruppetreninga.

Stad: Florø omsorgssenter, treningsrommet på dagavdelinga

Treningstider: Oppstart: 07.02.22, kvar måndag og onsdag i 12 veker.

Klokkeslett: 12.00 til 13.00.

Eigendel for deltaking jf. forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi, eigendelstak. Per 01.01.2022 er eigendelen på kr 102 per time.
Du kan finne frikortet digitalt og sjekke registrerte eigendeler og administrere eige kontonummer ved å logge deg på tenesta «frikort og eigendel» på helsenorge.no. Eigendelstaket er 2921 kr for 2022.

Transport: I utgangspunktet må deltakar kome seg til og frå treninga sjølv. Det vert tinga drosje til dei som treng det gjennom pasientreiser. Deltakar må også betale eigendel for transport etter eigendeltak.

Påmelding: Send tilvising/ PLO – melding til Florø Fysio – og ergoterapiteneste og / eller oppmode brukar til å ta kontakt og melde si interesse innan 01.02.2022.

Leni Myklebust, sekretær Florø Fysio- og ergoterapiteneste
Telefonnummer: 95 71 00 60

Arrangør

Kinn kommune, fysio- og ergoterapi avd. Florø
Adresse
Hans Blomgate 39
Telefon
95710060