Kinn Kommune

Nytt omsorgssenter i Florø: møte for andre interesserte

17. januar blir det arrangert medverknadsmøte for brukarar/pårørande og andre interesserte om nytt omsorgssenter i Florø. Du kan følge møte digitalt, eller møte i festsalen på Florø kulturhus.

Kinn kommune skal bygge nytt omsorgssenter i Florø. Den komande tida skal det avklarast kva funksjonar som skal inn i det nye omsorgssenteret. Døme på funksjonar kan vere aktivitetsrom, stover eller møteplassar, base for heimetenestene med vidare. 

Ordførar Ola Teigen vil delta på begge møtene, og på møtet med brukarar/pårørande vil i tillegg pasient- og brukarombod Ingrid Aanderud Sælen delta.

Her kan du følge møte digitalt. 

Her kan du sende inn dine innspel.

Om du vil møte på Florø kulturhus må du fylle ut namn og telefonnummer i skjemaet nedanfor for å melde deg på. Hugs munnbind!

Dato
17. januar 2022
Tid
19:30 - 20:30
Stad
Florø kulturhus