Tilskotet over SAVOS-ordninga kan gå til sikring, vedlikehald, istandsetting og restaurering, og kan ikkje gå til kostnader knytt til dugnadsinnsats, reise og opphald, sertifiseringsutgifter som ikkje kan definerast som antikvariske tiltak, administrative utgifter hos eigar eller til museumsdrift eller -verksemd. Ordninga er for freda/verna fartøy med Kinn kommune som heimehamn. Ved tvil må dokumentasjon på minimum seks månader liggetid siste år leggast ved. Vår kontaktperson er kultursjef Anita Solbakken.
Midlane er over statsbudsjettet 2025 kap. 2429 post 74 kr. 50 000 og Kinn kommune kr. 50 000.
Midlane kan berre gjevast til fartøy som er freda eller har formell status som verna skip. For fartøy med status som freda, eller verna skip, gjeld dei antikvariske retningslinene for alt arbeid som skal utførast. Arbeid ut over ordinært vedlikehald er også søknadspliktig og skal vere godkjent før tiltak vert sett i gang. Det er fylkeskommunen som handsamar søknad om endring på fartøy med status som verna skip/dispensasjon på fartøy som er freda.
Krav til gjennomføring av tiltak
Alt arbeid på verna og freda fartøy skal utførast i samsvar med fartøyet si historie. Vedlikehald og istandsetjing skal skje så skånsamt som mogleg og etter dei antikvariske prinsippa:
- Det skal skiftast ut minst mogleg av originale element og material.
- Ved reparasjon og eventuell utskifting av deler skal dei antikvariske retningslinene leggast til grunn for val av material, utføring og teknikkar.
- Det skal stillast krav til utførande handverkar/verksemd sin antikvariske kompetanse, samt teknisk og fagleg kvalitet.
- Alle utskiftingar og endringar skal dokumenterast.
Vedlegg
Søknadsfrist 2025 er 12. mai.