Handsaming av kommuneplanens samfunnsdel og planstrategi vert utsett. Før ny handsaming skal følgande innarbeidast som viktige føringar i planen:
- Planen skal ha som eit av sine hovudmål, samt synleggjere tiltak for å auke folketalet i kommunen i åra framover.
- Planen skal synleggjere kva tiltak som må gjerast for å auke tal arbeidsplassar, samt bidra til auka bustadattraktivitet og rekruttering til kommunen og næringslivet.
- Planen skal legge til grunn at det skal utarbeidast ein nærings- og vekststrategi for Kinn kommune. Næringsselskapa Aksello, Flora Industri- og næringsforening og Måløy Vekst, samt Byen vår Florø og Måløy Byforening vert bedt om innspel til tematikk, innhald og prosess for utarbeiding av strategien.
Planen skal ta omsyn til vedtekne føringar i handsaminga av økonomiplan og handlingsprogram 2024-2027