Kinn kommune

Aktuelt frå kommunen

  • 04.07.2025

    Varsel om planoppstart: Nytt bustadfelt på Solheim - privat detaljregulering for Krokvollen

    Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for eit nytt bustadfelt på Solheim, i tråd med kommunedelplanen for Florelandet Brandsøy (B18). Området skal regulerast til bustadformål med tilkomst, og det blir planlagt ulike typar bustader som einebustader, rekkehus og fleirmannsbustader.
  • 03.07.2025

    Kan ta tre veker før bilførande transport kan gå til og frå Rognaldsvåg som normalt

    Betong- og grunnentreprenør har i dag fått på plass ein plan for utbetring av ferjekaia i Rognaldsvåg, etter at det er registrert auka utgliding og operatørane ikkje kan bruke kaia som normalt. Arbeidet har høg prioritet, og det blir no sett i verk tiltak for å sikre trygg og funksjonell kai. Det er estimert tre veker før bilførande transport kan gå som normalt.
  • 03.07.2025

    God sommar!

    Vi ønskjer med dette å dele ei kort oppsummering av saker som det har vore arbeidd med denne våren – og samstundes nytte høvet til å takke for innsatsen som er lagt ned frå mange hald. Det siste året har vore prega av krevjande økonomiske rammer og omfattande omstillingsbehov. I dette landskapet har både medarbeidarar og politikarar stått i ein krevjande situasjon – med stort ansvar for å levere tenester, ta val og handtere endringar som påverkar kvardagen til mange.